Intervju med ressursteamet ved Langevåg skule
Kan du fortelje kort om deg sjølv og di rolle ved skulen?
Ressursteamet ved Langevåg skule består av fire pedagogar: Tordis Vie, Trude Tynes Sunde, Guri Vidhammer og Vibeke Dybvik Albertsen.
Eg heiter Vibeke Dybvik Albertsen. Eg er teamleiar for 5.–7. trinn ved Langevåg skule. I tillegg er eg ein del av skulen sitt ressursteam og fungerer som kommuneadministrator for Conexus.
Tordis Vie jobbar på 1.trinn og er spesialpedagog. Jobbar mykje opp mot mindre grupper og enkeltelevar.
Trude Tynes Sunde er kontaktlærar og jobbar med individuelt tilrettelagt opplæring. Har i tillegg hatt Lingdyskurs med elevar. Guri har jobba mange år som kontaktlærar, er no inspektør ved skulen der hovudansvaret er oppfølging av spesialpedagogisk hjelp og utviklingsarbeid på skulen vår.
Korleis har opplevinga vore av å bruke Dysmate til slik storskala testing?
Vi er ein stor skule, så testing med Dysmate er tidkrevjande. Det er avgjerande at dei sertifiserte pedagogane får avsett tid til både gjennomføring og etterarbeid. I storskulen gjennomførte vi screeningtestane i full klasse, medan vi gjennomførte det i mindre grupper i småskulen. Vi erfarte og at for nokre elevar var det gunstig å gjennomføre kartlegginga 1-1. Vi har gjennomført screeningtestar på totalt 20 klassar, om lag 500 elevar. Etter kartleggingane har vi samtalar med kontaktlærarane der vi går gjennom resultata og samanliknar med tidlegare kartleggingar og observasjonar for å vurdere samsvar. Det vi ser er at når vi kartlegg så mange på så kort tid, vert det utfordrande å gjennomføre oppfølgingstestar umiddelbart. Grunnen til dette er at det vert mange oppfølgingstestar som skal gjennomførast 1-1, og knappe ressursar både i skulen og PPT.
I første runde var det ressursteamet som gjennomførte screeningtestane i alle klassene, dette for å sikre at alle skulle få same informasjon og at gjennomføringa vart gjort i tråd med Dysmate sine instruksjonar.
Når lærarane vert kjende med oppgåvetypane og metodikken, ser vi føre oss at kontaktlærarar og faglærarar kan gjennomføre screeningtestane i klassene sine sjølve. Dette vil effektivisere prosessen betrakteleg. Vi har laga informasjonsfilmar og informasjonsbøker som skal nyttast når kontaktlærar/faglærar skal gjennomføre screeningtestane i sine klasser (vi som er sertifiserte vil sjølvsagt vere tilgjengelege).
Korleis koordinerer de bruken av Dysmate med PPT?
Tidlegare har koordineringa av resultata i Dysmate vore utfordrande, særleg med tanke på sikker lagring og deling av resultat, og ikkje minst grunna mengden med testresultat. Vi har samtalar med PPT og kontaktlærar om klassane og enkeltelevar. PPT-rådgivarar har no tilgong til elevar i Dysmate. Vi har stor tru på at denne løysinga vil forbetre samarbeidet og informasjonsflyten, og ikkje minst sikre trygg lagring i tråd med gjeldande krav.
Ved mistanke om dysleksi, eller dersom det er dysleksi i nær familie (basert på skjema om bakgrunnsinformasjon frå føresette), ønskjer vi at PPT gjennomfører oppfølgingstestane. Dei andre oppfølgingstestane vert gjennomført av skulen sitt ressursteam. For elevar som skal til PPT for vidare kartlegging, sender vi forenkla oppmelding til PPT som berre avdekkjer eventuell dysleksidiagnose. Dersom det er mistanke om andre utfordringar, må det sendast ei ordinær oppmelding. Dette er i tråd med dei kommunale prosedyrene vi har laga i samarbeid med alle skulane og PPT i Sulaskulen.
Korleis samarbeider de som team for å sikre at testane vert brukt på ein god måte?
Vi samarbeider tett i ressursteamet for å sikre kvalitet i både gjennomføring og oppfølging av testane. Vi har utarbeidd Lingdyskurs, informasjonsbøker om Dysleksi, rettigheitskort til elevane og informasjonsskriv til føresette. Vi har faste møtepunkter der vi diskuterer funn, deler erfaringar og planlegg vidare tiltak. Samarbeidet med kontaktlærarane er sentralt for å sikre at testresultata vert brukt aktivt i det pedagogiske arbeidet i klassene, og ikkje minst for å tilrettelegge undervisninga for dei med dysleksi.
Har de merka nokre konkrete gevinstar – for lærarar, elevar eller føresette – etter at de tok det i bruk?
Sjølv om vi no er tidleg i prosessen ser vi absolutt gevinstar og fordelar etter vi tok Dysmate i bruk. Den viktigste gevinsten er at Dysmate har hjelpt oss å avdekke dysleksi-/DLD-diagnose hjå elevar. Dysmate gir oss god innsikt i dei ulike områda som vert kartlagt. Rapportane frå Dysmate gir svært nyttig og presis informasjon som styrker både undervisninga og tilrettelegginga. For elevar med påvist dysleksi tilbyr vi mellom anna kurs i Lingdys og andre digitale hjelpemiddel. Vi hjelper også føresette med søknader om Lingdys og TIBI. Dette er og i tråd med arbeidet kring dysleksivenleg skule.
Har de nokre tips eller gode råd til andre skular som vurderer å ta i bruk Dysmate?
Set av tid til arbeidet!
Det er lurt å ha eit team som sit med det overordna ansvaret.
Vi har treffpunkt på tvers av skulane der og PPT er involvert. Her har vi laga felles prosedyre på kommunalt nivå.
De har vore med på å pilotere integrasjonen med Conexus Engage – korleis har den erfaringa vore så langt?
Erfaringa har vore svært positiv. Integrasjonen gir kontaktlærarar og faglærarar rask og enkel tilgong til innsikt om klassen og enkeltelevar sine styrker og utfordringar når det gjeld mellom anna avkoding, omgrepsforståing, lesing og leseforståing. Det gjer det lettare å tilpasse undervisninga til den enkelte elev, og til klassen. I tillegg får ein og ei betre oversikt, grunna alle andre kartleggingar ligg i Conexus. Alt samla på ein plass. Det er veldig mykje tryggare med tanke på overføring av informasjon, og sikker lagring.





